Den eldste historia i Bø og Sauherad

Bygdene Bø og Sauherad ligg innerst rundt Norsjø og inn under Lifjell med eit gunstig klima for jordbruk og sentralt for gjennomgangstrafikken mellom kysten og indre deler av Telemark. Det er derfor naturleg at folk slo seg ned tidleg i dette området.

ARKEOLOGISKE FUNN OG ETABLERINGA AV JORDBRUKET

Området rundt Norsjø er rikt på arkeologisk funn og gravminne som spenner over ein lang tidsperiode frå steinalderen og fram mot tidleg mellomalder. Med grunnlag i nyare arkeologiske undersøkingar er det grunn til å tru at her har vore ein kontinuerleg jordbrukskultur frå rundt 2400 f.Kr. fram til i dag. Før rundt 2400 f.Kr. var jeger- og sankekulturen nærmast einerådande, men deretter i kombinasjon med husdyrhald og korndyrking. På denne tida var det også innvandring av grupper med ei samfunnsform der sterke leiarar som sto i kontakt med andre grupper, skapte seg ein maktbase gjennom status og posisjon.

På denne måten blei grunnlaget lagt for eit jordbrukssamfunn som utvikla seg fram mot vår tidsrekning.

«Alt i førromersk tid, eller i tidsrommet 500 f.Kr. år 0, var det en markant gårdsbosetning som strakte seg fra Frierfjorden til Norsjø, og med områdene Bø og Sauherad som viktige utløpere inn i landet.» (Rian, Øystein(red.), 2014, s. 44)

Frå denne tidsepoken og fram mot år 1000, får gardane i Bø og Sauherad namna sine. Fyrst dei usamansette naturnamna som Nes og Haug frå år 0 eller tidlegare, og deretter dei samansette naturnamna, som t.d. Ottersnes. Seinare kom samansette namn som vin og heim, deretter land, - stad og set.

FOLKEVANDRINGSTIDA OG MEROVINGARTIDA

Folkevandringstida (år 400-550 e.Kr.) var ei tid prega av stor folkeflytting grunna folkevekst, krig og uro. Noreg var lite rørt av denne vandringa, men spor frå tida syner likevel endringar også her.

I ytterkanten av området som blei kalla Grenland er det ei rekke bygdeborger på høgdedraga langs vassdraget frå Eidanger til Bø og Sauherad. Bygdeborgene skriv seg frå folkevandringstida og det kan synas som om dei omkransar småkongeriket busett av ei folkegruppe som vart kalla grener.

Trelsborg og Bekkekollen i Bø og Steinborg, Brattningsborg og Blekksås i Sauherad, er eksempel på dei få spora vi ser att frå denne tida. 

I Bø og Sauherad er det mange steingjerde, særleg mellom dyrka mark og utmark, men også mellom eigedommar. I utkantane av dagens kulturlandskap og inne i skogen der det har vore husmannsplassar, finn ein også gamle steingjerde. Mykje kan tyde på at dei eldste steingjerda skriv 

seg frå tida etter folkevandringstida i overgangen til merovingartida (ca. 550-800 e.Kr.) da eigedomsgrensene synast å bli etablert. Denne tida markerar òg overgangen mellom eldre og yngre jernalder. 

VIKINGTIDA

På ei rekke gardar i Bø og Sauherad ser ein framleis gravhaugar som tydeleg spor frå vikingtida som vara frå om lag 800 fram til innføringa av kristendom rundt år 1000.

På nesten alle gardar i Bø og Sauherad har det vore gravhaugar. Det har vore registrert fleire hundre, men svært mange er utgravne og jamna ut gjennom meir mekanisert jordbruk dei siste hundreåra.

MELLOMALDEREN

Mellomalderen var prega av kristendom, fred og økonomisk vekst. Etter innføringa av kristendomen rundt år 1000 blei det bygd kyrkjer der det tidlegare hadde vore gudehov. Dette blei gjort for å vise at kristendomen hadde sigra over heidendomen. Kant i kant med Nes kyrkje, på sørsida, ligg ein av dei største gravhaugane i området vårt. Etter innføring av kristendomen, blei gravhaugen bruka til kristen gravlegging, slik det har blitt gjort opp til våre dagar. Haugen var nok opphavleg høgare enn i dag som eit synleg maktsymbol for dei som rådde ver dette området.

Dei fyrste kyrkjene var enkle byggverk, men alt mot slutten av 1100-talet hadde kyrkja vokse til ein maktbase som gjorde at det kunne byggas steinkyrkjer.

Kven som bygde kyrkjene og korleis dei blei finansiert veit me ikkje, men samfunna i Bø og Sauherad måtte ha tilgang til folk og ressursar for å kunne bygge slike solide byggverk. Frå denne tida står steinkyrkjene Nes kyrkje, Sauherad kyrkje og Bø gamle kyrkjer att som vitne frå denne tida. Tidlegare har det også stått ei stavkyrkje på Gårahaug.