I tillegg til bygdebøkene og Hørtesoga, er det skrive fleire lokalhistoriske bøker med tilknytning til Sauherad. 

Middelalderkyrkjene i Nes og Sauherad er to flotte byggverk som bygdefolket er stolte av. I samband med restaureringa av kyrkjene, skreiv dåverande riksantikvar Harry Fett boka En bygdekirke som nå er digitalisert.

Det er også andre bøker, t.d. Kyrkjone i Nes og Sauherad av Hellek Østtveit frå 1954. Her kan du lese forordet.

Bøker utgjett av Sauherad Historielag 

Til stuls på Sauheradfjella

Boka fekk veldig god mottaking høsten 2013. Fyrste opplag på 1.000 bøker utselt til nyttår 2013. Det blei derfor trykt nytt opplag på 1.000 nye bøker slik at vi har bøker for salg i åra framover. Kontakt styret i Sauherad Historielag eller lokale bokhandlarar om du vil kjøpe boka. Sjå også eigen artikkel om denne flotte boka.

Sauherad Historielag har også utgjett desse bøkene:

Frå midten av 1800-talet og fram til ca 1920 utvandra ein stor del av folket i Sauherad til Amerika. Arnt Håtveit har skrive bok om Pionertida 1843-1865 som også inneheld namna på alle utvandrarar frå Saude og Nes i perioden 1843 til 1914. Sjå eigen artikkel om boka og utvandringa frå Sauherad

Hallvard Gråtopp frå Lindheim Skipreide og hendingane i 1430-åra. Skrive av Birger Kirkeby.

Bøkene er til salgs hjå styremedlemmene.

Andre bøker om Sauherad:

Eksempel på andre bøker som er tilgjengeleg i biblioteket er (enkelte av desse er digitalisert av Nasjonalbiblioteket - blå skrift):