Til stuls på Sauheradfjella

Sauherad Historielag etablerte i 2011 eit samarbeid med Helge Markussen og Thorbjørn Wahlstrøm frå Skien om ei bok om stulslivet på Sauheradfjella. 

Sauherad Historielag er utgjevar av boka og har fått rause gaver til trykking av boka. Det har vore fleire informasjonsmøte om bokprosjektet, informasjon i Helsing, fleire turar i Sauheradfjella og mange møte med ei rekke informantar for å samle stoff til boka. 

Boka blei presentert på Norsk Eplefest på Gvarv lørdag 28 september 2013 og er bl.a. å få kjøpt i bokhandlarar i Midt-Telemark, Notodden og Skien. I tillegg kan boka kjøpast hjå styremedlemmene og forfattarane.

Forfattarene har gjort ein stor og svært grundig innsats. Sauherad Historielag er veldig fornøgd med ei flott bok som fekk så god mottaking at eit optimistisk fyrsteopplag blei utselt til inngangen til 2014. Det vil derfor bli trykt nytt opplag våren 2014.

 

Rikard Berges pris for lokalhistorie 

Styret i Sauherad Historielag innstilte i 2014 forfattarane til Rikard Berges pris for lokalhistorie for sitt store engasjement for formidling av lokalhistorie i Telemark. Prisen blir utdelt av Telemark Historielag.

Her kan du lese grunngjevinga for tildelinga av denne gjeve prisen.