Gamle bilde fortel ofte mykje om historia vår og me vil gjerne vise fram interssante bilde frå Sauherad. Me har lagt ut nokre få bilde frå Gvarv som visast til høgre, men digitalisering og presentsjon på nett er arbeidskrevande og krev professjonelt utstyr og me viser derfor til desse heimesidene:

Telemark Museum har eit prosjekt for digitalisering og presentasjon av gamle bilde frå Telemark på nettet. Her kan du søke på Sauherad.

Nasjonalbiblitoteket har fleire flotte bilde frå Sauherad teken av fotograf Anders Beer Wilse. Her må du søke på Akkerhaugen, Gvarv, Hjuksebø og Nordagutu.

Men, på sosiale medier dukkar opp nye grupper som deler historia på ny måtar. Sjå "Sauherad før og nå" på Facebook.

I tillegg har Evju Bygdetun ei stor bildesamling og ei gruppe som arbeider med registrering og katalogisering av bilde frå privatpersonar og dødsbu. Bildegruppa har også registrert ein del bilde som er lånt frå folk både innan- og utanbygds. Ta kontakt med Guro J. Fosstveit (Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. - 976 91 428 eller 35 95 61 03).