Sauherad historielag blei stifta 5 oktober 1986 der desse blei valgt til styre for laget:

Arnt Håtveit, leiar
Anne Volltveit Kaasa, nestleiar
Anund Holte, kasserar
Kittil Prestholdt, sekretær
Hans Stenstad, styremedlem
Varamedlemmer:
Olav Klever og Hans Myrkås

Arnt Håtveit var styreleiar i mange år før Olav Klever overtok. Frå 2004 var Bjørn Holta styreleiar fram til 2012 da Eivind Lønheim tok over leiarvervet. Ved lagets 30-årsmarkering høsten 2016 har laget bare hatt fire styreleiarar.

Ved lagets markering av 25 år, hadde Bjørn Holta ein grundig artikkel i Helsing om bakgrunnen for oppstarten av Sauherad historielag i 1986: Innlegg 25 år i Helsing.

I eigen artikkel kan du lese tidlegare årsmeldingar som fortel om kva Sauherad historielag har hatt for oppgaver gjennom dei siste åra.