Tiltaksplan for Sauherad 2017-2018

 

Interkommunal kommunedelplan for kulturminner for Bø og Sauherad

10.11.2016

Tiltaksplan for Sauherad 2017-2018:

 Nr  Tiltak  Oppgave Ansvar  Finansiering Periode
 1 Korleis forvalte og formidle kunstverk i offentleg eige og «kunsthistorien» inn i den nye kommunen?  Gjennomføre innleiande møter og gjennomføre forstudie. 

Kultursjef Bø og kultursjef Sauherad 

Eige arbeid 

2017 

 2

Formidling av kulturminne verna etter PBL 

Registrere kulturminner verna etter plan og bygningslova i Askeladden, slik at desse er synlege på nett for publikum. Samarbeid med historielag 

Kommunalsjef teknisk 

Eige arbeid 

 2017
 3

Forbedre nettsida 

Opprette side med informasjon til eigarar om kulturminne og stønadsordningar. 

Kultursjef 

Eige arbeid 

 2017

Gjennomgang av bygninger og bygningsmiljø som er verna etter plan- og bygningslova. 

Vurdering av verna bygninger og byningsmiljø sin tilstand og verneverdi, samt vurdere om andre bygninger og bygningsmiljø er aktuelle som verneverdige etter plan og bygningslova.  Kommunalsjef teknisk 

Føreset ekstern finansiering 

2018 

5

Gjennomgang av kulturlandskap 

Verdisetting av viktige kulturlandskap, og vurdere vern – eksisterande og behov for nytt vern, basera på RMP1-prioriteringa. 

Landbrukssjef 

Føreset ekstern finansiering

2019 

 

Stønadsordningar

Det finst fleire stadar der eigarar av kulturminner/-miljø kan søkje stønad til instandsetting, sikring, sjøtsel og formidling av kulturminner. Nokre av desse er:

SMIL midlar

Landbruksdirektoratet lyser ut årlege midlar for å ivareta kulturminneverdiar i det norske landbruket. Dette innbefattar både biologisk mangfald, gamal kulturmark, kulturmiljø, kulturminner og tiltak som reduserer forureining. Kontakt Midt-Telemark Landbrukskontor for meir informasjon.

Riksantikvaren

Ein kan søkje Riksantikvaren om midlar til istandsetting, sikring og skjøtsel av kulturminner. Kontakt Telemark fylkeskommune for rådføring og hjelp.

“Ta et tak”

Sparebankstiftelsen DNB

Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond gir årlege tilskot til istandsetting av verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Stiftinga UNI

Lån i Husbanken

Regionalt miljøprogram (RMP)

Føretak som har rett på produksjonstilskot i jordbruket og godkjente beitelag kan søke om tilskot til miljøtiltak for jordbruket i Telemark. Ordninga gir stønad til skøtsel av mellom anna styvingstre, rydningsrøyser, steingjerder, seterdrift, prioriterte kulturlandskap, stier, adkomst kulturminner, m.m. Kontakt Midt-Telemark Landbrukskontor for meir informasjon.