Nasjonalbiblioteket har digitalisert ei mengde bygdebøker og andre lokalhistoriske bøker, og her har vi lista opp ein del som er relevante for Sauherad og Midt-Telemark:

(Dette er ein test på omtale bøkene og vise link til den digitale versjonen):

Bygdebøkene for Sauherad - Gards- og ættesoge skriven av Birger Kirkeby:

Band I (Gnr 1-17)    -   Band II (Gnr 18-43)   -   Band III (Gnr 44-74)   -   Band IV (Gnr 75-87)   -         Band V (Gnr 88-101).

Mellom 1980 og 1988 gav Sauherad kommune ut Gards- og ættesoga i 5 band på tilsaman 3300 sider. Dei inneheld titusenvis av namn gjennom hundrevis av år frå alle gardar, plassar og hus fram til perioden for trykking av bygdeboka.

 

Hørtesoga - Historia om Hørteverket

Fyrste deilen av Hørtesoga er historia om industrien på Hørte frå slutten av 1600-talet fram til undergangen tidleg på 1800-talet. Deretter er det ein gjennomgang av slektene til dei som kom til Hørte og bygde opp dette industrisamfunnet. Så er det litt om slektene som kom til Hørte etter at industriperioden var over.

Bidrag til gårds- og slektshistorie for Sauherad og Nesherad før 1700 (H. H. Holta): 

  

En bygdekirke (Harry Fett)

Om restaureringa av Nes Kyrkje på 1930-talet. Harry Fett var riksantikvar 1913-1946 og ansvarleg for restureringa av Nes kyrkje. 

 

 

Hitterdalsboken - Gaarde og slekter av Ole Halvorsen Holta, 1926. I forordet skriv Holta: Jeg har i boken benyttet det navn paa bygden som den har baaret den tid boken omhandler. Det er ogsaa mit haap og min tro, at befolkningen ikke vil slaa sig til ro med det bløte, danske navn Heddal, som bygden aldrig før har baaret, men gaa tilbake til dens urgamle, vakre og kraftige navn Hitterdal.

 

Sauherad gjennom tidene: Okkupasjon ved Hallgrim Høydal: 

 

Hjuksebø 1950: Historien om ei togulykke som NSB ikkje lærte noko av (Ingvar Skobba og Halvor Kleppen) 

I 1950 blei 12 mennesker drept i ei tragisk ulykke da Sørlandsekspressen på veg mot Oslo frå Nordagutu blei smadra av to løpske tømmervogner ved Holtsås i Sauherad.

Torstein Braaten: Skogen, elvene og vegen

Ein historikk om framdrift av skogsvirke frå Hjuksebø- og Tinnegrendskogane gjennom 120 år. Utgjeve av Hjukseelvens Fællesfløtningsforening 1979.

Torstein Braaten og Thiman Børlum: Den gamle stulen - Fotodokumentarisk skildring frå Sauherad kring hundreårskiftet (1900). Sauherad kulturstyre 1978

Bygdebøkene for Bø: Bø-soga I (Gnr 51-60+35),     Bø-soga II (Gnr 35-50),   Bø-soga III (Gnr 19-34),   Bø-soga IV (Gnr 1-18 + 65)  og  Kultursoga for Bø.

Bygdebøkene for Bø er skrive av Stian Henneseid og kom ut i perioden 1982-1986. Kultursoga kom i 1972.

Gvarv Idrettslag 75 år (1919-1994) - Jubileumsskrift ved Arnt Håtveit