Nasjonalbiblioteket har dei siste åra digitalisert ei stor mengde lokalhistoriske bøker, bl.a. bygdebøkene og anna litteratur frå Sauherad. Her finn du lenke til bygdebøkene og Hørtesoga:

Bygdebok for Sauherad / Gards- og ættesoge skriven av Birger Kirkeby:

Mellom 1980 og 1988 gav Sauherad kommune ut Gards- og ættesoga i 5 band på tilsaman 3300 sider. Dei inneheld titusenvis av namn gjennom hundrevis av år frå alle gardar, plassar og hus fram til perioden for trykking av bygdeboka.

Bygdebøkene er nå digitalisert og tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket si heimeside:

Band I (Gnr 1-17)  Band II (Gnr 18-43)  Band III (Gnr 44-74)  Band IV (Gnr 75-87)  Band V (Gnr 88-101)

Bygdebøkene er også til salgs hos Sauherad kommune og kostar kr. 1.200 for alle 5 binda samla, eller kr. 400 for enkeltbind. 

Sauherad kommune har ein langsiktig plan om å utarbeide det siste bandet for kultursoga om den historiske utviklinga i bygda. Dette arbeidet har ikkje starta, men Sauherad historielag har bedt Sauherad kommune om å legge dette inn som del av kommuneplanen.

Soga om Hørteverket

I 1652 blei det oppdaga jernmalm På Fen ved Norsjø rett ved Ulefoss der det blei starta jernverk i 1657. Få år etter dette, blei det etablert håmmårverk ved fossane Hørte til vidareforedling av råjernet frå Ulefoss. Råjerne blei rodd over Norsjø frå Ulefoss opp til Gvarv og vidare opp elva til Kolatangen rett nedafor dagens Evju Bygdetun. På Hørte blei det produsert stongjern og spiker som ferdigvarer. Produksjonen på Hørte heldt fram til 1819 etter at flaum og brnn hadde ødelagt håmmrane. Etter den tid har Hørte utvikla seg til ein liten tettstad i Sauherad kommune med røter tilbake til den gamle industriproduksjonen langs Hørteelva.

På grunnlag av eit stort materiale etter lokalhistorikaren Jon Hvitsand, gav Hørtesogelaget ut "Soga om Hørteverket" i 1984. Dette er ei omfangsrik bok med mykje historisk stoff om Hørteverket, livet på Hørte med omtale av slektene på og rundt Hørte.

Hørtesoga er utselt, men er digitalisert av Nasjonalbiblioteket: Soga om Hørteverket